Ja til lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli!

Raudt vil at det skal byggjast høghastighetsjernbane med dobbeltspor til bruk for auka regional- og langdistansetransport for personar og gods. På dagens fylkestingsmøte fremjer Terje Kollbotn interpellasjon om tilslutning til lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli.

Foto: Kjetil Ree

Lyntogforum Vestlandsbanen vart etablert i 2014 av Hordalandskommunane Samnanger, Kvam, Jondal, Etne, Ullensvang og Odda og ei rekkje kommunar i Rogaland og Telemark. Målet var å arbeide for eit høgfartsbanenett (lyntog) i Norge (m.a. Vestlandsbane over Haukeli med forgreining til både Bergen og Stavanger) og til nabolanda.

Sidan 2014 har mange kommunar, bedrifter og organisasjonar slutta seg til - samt Telemark fylkeskommune (2016) og Rogaland fylkeskommune (2018). Stavanger bystyre slutta seg til i 2017. 13. mars 2019 vedtok Bergen bystyre med stort fleirtal
(AP, KrF, V, SV, SP, MDG og Raudt) å slutte seg til Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli. Både utifrå dei store klimautfordringane, distriktspolitikk, storsatsing på kollektivtrafikk, godstrafikk over på bane og skape gode alternativ til flytrafikken aust-vest, er dette særs framtidsretta.

Ei slik satsing kjem ikkje i konflikt med å prioritere oppgradering av Arna-Voss og andre deler av Bergensbanen dei komande åra.

På denne bakgrunn vil eg spørje fylkesordføraren:
Vil fylkesordføraren arbeide for å realisere eit framtidig lyntog til Vestlandet/Hordaland/Bergen?

I tilfelle svaret er ja, korleis vil fylkesordføraren fylgje dette opp politisk?

Framlegg til vedtak:
Hordaland fylkesting sluttar seg til Lyntogforum Vestlandsbanen over Haukeli.